GEIR M. BRUNGOT: FINSLIPE FOTOGRAFI

Fotografi, som kunstnarleg teknikk og uttrykk, er ein del av det etablerte kunstlivet. Det var på 1970-talet at fotografiet for fyrste gong i Norge fekk aksept på Haustutstillinga og fotografane, som dyrka kunstfotografiet, organiserte seg i ein eigen interesseorganisasjon, Forbundet Frie Fotografer.

Historia om denne prosessen er ikkje berre liketil. Professor Øyvind Storm Bjerke gjev i sin introduksjon eit greitt innblikk i nokre av dei generelle og formale problemstillingane denne prosessen skapte. Samstundes set han Geir M. Brungot inn i ein større samanhang som, mellom anna, syner oss kvifor denne fotografen er ein interessant kunstnar det er verdt å låne eit auge til.

I sine bilete tek Brungot ofte utgangspunkt i naturen og kulturlandskapet som er rundt oss her vest. Samstundes fortel han historier av reint almenn karakter som vedkjem tilskodaren anten denne bur i aust eller vest. Dei fotografiske bileta til Brungot er i tillegg forspent med tekniske finessar og finslipte nyansar som forsterkar den kunstnarlege kvaliteten.

Skal ein nærme seg ei forståing av fotografiet, kunsten og livet kan det kanskje vere greitt å minnast desse orda som Oscar Wild skal ha sagt: ” Kunsten er ikke et speilbilde av livet – det er omvendt!”

Geir M. Brungot er Sunnmøring og busett i Sykkylven. Såleis er han ein kunstnar som bur og arbeider innanfor det som er Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt geografiske virkeområde. I Sogn og Fjordane er vi kjend med fleire fine fotografar, mellom andre Jens Hauge og Øystein Klakegg. Geir M. Brungot har markert seg som ein annan sentral kunstnar dei seinare åra og han var derfor eit naturleg val når Sogn og Fjordane Kunstmuseum med denne utstillinga ønskte å følgje opp tradisjonen med å presentere fotografisk kunst.

Morten Johan Svendsen
direktør